Påskeandakt


Påskeandakt


Hilsen fra preses Olav Fykse Tveit

Preses Olav Fykse Tveit

Påskehelsing 2026

«Ver ikkje redde!» (Matt 28,5)

 

Slik startar bodskapen til kvinnene som kom til den tomme grava. Det er ei utfordring å ta imot ein slik bodskap når ein er redd og har grunn til å vere det. Likevel er det viktig å høyre etter. For det er meir å seie og meir å høyre også når ein er redd.

For seksten år sidan feira eg påske på Taiwan. Eg var invitert til å preike på eit stort jubileum for ei av dei protestantiske kyrkjene der. Det er ei suksesshistorie om ei kyrkje som har vakse og har mange store institusjonar, skular og sjukehus, og som sjølv driv misjon og bistand i fattige land. Det var ei stor forsamling på ein fotballarena, samla på sjølvaste første påskedag.

Eg valde å fokusere på den èine setningen i tekstane om den første påskedagen: «Ver ikkje redde!» Det er ei god samanfatning av påskedagens budskap. Det høvde godt til ei feiring av påske i ei kristen kyrkje, der vi song «Deg være ære» på fleire språk. Eg visste også ein god del om det som også då var den uavklarte statusen til Taiwan, og  den uroen folk der kjente på.  

Reaksjonen var sterkare enn eg ante. Med tårer i augene og bevande stemme var det fleire som måtte fortelje meg korleis dette hadde truffe dei, midt i hjarta. Kanskje ville eg seie med norske uttrykk: Midt i magen. Eg vart litt uroleg for at eg hadde trykt på «feil knapp» på ein slik festdag. Men dei kom og takka for at eg forstod dei og angsten deira.  Redselen for framtida var grunnstemningen bak all feiring av kyrkjas historie. Eg vart nesten litt lei meg, at eg hadde trykt på «dei vonde knappane» på ein dag for feiring. Men som verten sa til meg: «Det var dette vi trengte å høyre. Det var ein bodskap som tok oss på alvor, både redselen og gleda og takken. Du fekk fram at det er meir å seie enn det som gjer oss redde.» Dei kjente på den store politiske og militære stormaktskampen, og som er meir betent i dag, både der og mange andre stader.

Kvar påske er det nokon som spør for å sjekke kor mykje kunnskap folk flest har om denne kristne høgtida. Den kristne påskefeiringa handlar om det som skjedde med Jesus i Jerusalem. Og det var sanneleg ganske så mykje, når ein tar med alt frå palmesundag til påskedag. Det er er voldsom dramatikk i desse tekstane.

Men påska handlar alltid om oss, også. Påskas budskap er ikkje berre å fortelje ei viktig historie. Det er heller ikkje berre ein bodskap å reflektere over, slik teologar har gjort og skal halde fram med. Begge deler er viktig. Det er noko som faktisk har skjedd, og det er avgjerande viktig kva det betyr.  

Påskas budskap er til oss som lever med alt det livet byr på av redsel og tillit, sorg og glede. Dei eg møtte på Taiwan lærte meg noko om det. Dei ville ikkje at vi skulle gløyme redselen fordi vi feira påske og kyrkjejubileum. Tvert imot, det er nettopp i møte med påskas budskap at vi også skal ta vår uro og redsel på alvor.

Påskeforteljingane handlar om menneskeleg forstillelse, svik, om hovmot og svikt, om misbruk av makt, om kor grusomt menneske kan behandle andre. Påska handlar om det vonde og det gode, om døden og livet. Det er ikkje kyrkja som har funne opp at det er synd i verda, og at det er nødvendig å ta eit oppgjer med den. Det er heller ikkje berre i kyrkja ein talar om død, sjølv om det er ofte der vi har gravferder. Så handlar påska om grunn til glede i alt som møter oss, også når ein har grunn til å vere redd.

Påska har eit budskap til oss om at det alltid er noko meir. Meir enn urett og ufred, meir enn sorg, og meir enn død. Når det heiter «Ver ikkje redde!» er det ikkje fordi det ikkje finst noko å vere redde for i denne verda. Men det er ein bodskap om at det er meir som er sant, heilt sant.

Det er mange – under svært ulike vilkår - som feirar påske i heile verda og syng «Deg være ære, Herre over dødens makt!».

Det er nokon som heile tida seier til oss «Ver ikkje redde!» Det er ein vi kan ha tillit til. I alt vi ikkje forstår og ikkje kan glede oss over lyder det også til oss desse orda: «Ver ikkje redde!».

Påska seier oss at det er grunn til å ha tillit til Gud, livets opphav og gjevar. Det er ein som er sterkare enn døden. Det er noko meir her i livet enn alt det som møter oss av det vonde, av sorg og død.  Dette meir er også heilt sant. Det gir oss mot til å leve, til å tru, håpe og elske.  

Det er det vi uttrykkjer når vi feirar nattverd i kyrkja:

«Kristus døde. Kristus sto opp. Kristus skal komme igjen.

Han vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.»

God påske!  

 

Foto: Terje Peersen / DNK

 

«Aellede bïllh!»(Meeht 28,5)

 

Nyjsenæjjah gïeh gåaroes kroepten gåajkoe böötin, govlin: «Aellede bïllh!» Nyjsenæjjah bïlleminie gosse dam bïevnesem govlin.

Daelie luhkiegovhte jaepieh vaaseme mænngan manne påaskide Taiwanesne heevehtim.

Mannem bööreme dahkoe båetedh håalodh juktie Taiwanen protestantihke åålmegi lij stoere jubileume.

Luste saerniem åålmegi bïjre govledh. Åålmegh stuerebe jïh stuerebe sjïdteme. Dej lin gellie skuvlh jïh skïemtjegåetieh, jïh misjonærh lin raajeme gellie giefies laantide.

Ålvas jïjnjh almetjh tjåanghkenamme stoere juelkietjenkere-sæjjan gyrhkesjidh voestes påske-biejjien. Manne edtjim påaske-biejjiej bijpeleteeksten bïjre håalodh jïh eeremasth daaj baakoej bïjre: «Aellede bïllh!» Påaski bïevnese lea: Aellede bïllh!

Dah baakoeh hijven sjïehtin gosse edtjin ovmessie ietnie-gïeline laavlodh «Earoe Åajvan gie jaemedem hååjhteme». Manne hov deejrim Taiwanen almetjh aerkie lin jïh bïlleminie båetijej biejjiej gielhtie.

Bååhperim gosse vööjnim gellie almetjh gïknjeldh tjelmiejgujmie munnjien soptsestin mov håalome dej vaajmojde dïjpeme. Dellie ussjedim, mejtie manne maam joem båajhtode jeahteme gosse dah sïjhtin aavosne heevehtidh? Ijje! Dah sïjhtin mannem gijhtedh juktie manne guarkeme sijjieh aerkie lin jïh bïlleminie. Dah aerkie lin båetijej biejjiej gielhtie. Dej lij aerkiesvoete gosse edtjin jubileumem heevehtidh. Mov gåassoehtæjja badth munnjien soptsesti: «Hijven mijjese dov håalomem govledh. Datne hov guarkeme guktie mijjieh bïlleminie jalhts aavosne libie.» Almetjh deejrin guktie faamohks laanti åvtehkh tsælloeminie jïh man stoere dåaroefoevh dej lin. Daelie gujht sagke vïerrebe Taiwanese jïh jeatjah laantide sjïdteme.

Fïerhti påaski muvhth sijhtieh daejredh mejtie almetjh daejrieh man gielhtie påaskide heevehtibie. Gosse påaskide heevehtibie, dellie mujhtebe guktie Jeesusine sjïdti Jerusalemmese paalme-aejlegen raejeste voestes påaske-biejjien raajan.

Påaskh leah mijjen bïjre aaj. Påaski bïevnese ij ajve vihkeles saernie. Ij ajve saernie man bïjre edtjebe jiermestalledh guktie teologh iktesth jiermestalleme jïh edtjieh jiermestalledh. Jiermestalledh vihkele lea. Man gielhtie jïh man gaavhtan nimhtie sjïdti.

Påaski bïevnese mijjese gïeh aerkie libie, gïeh sorkeminie jïh aavodeminie. Almetjh giejtie Taiwanesne gaavnesjim, mannem dan bïjre ööhpehtin. Idtjin sïjhth mijjieh edtjebe aerkiesvoetem åajaldehtedh gosse påaskide jïh gærhkoe-jubileumem heevehtibie. Dah jis sïjhtin jiehtedh: gosse påaskide heevehtibie, dellie edtjebe aerkiesvoetem jïh asvem mijjen åssjalommesidie luejhtedh jïh jiermestalledh.

Påaski saernie lea saernine vuarhkas almetji åssjalommesi bïjre, almetji biehtemen, stuarehksvoeten bïjre jïh guktie almetjh sinsitnien vööste nåakelaakan dåemiedieh jïh sinsitnem nuerhkieh. Påaski bïevnese soptseste nåakevoeten bïjre jïh buerievoeten bïjre, jaemeden bïjre jïh jieleden bïjre. Påaski bïevnese soptseste aaj man gielhtie maehtebe aavoedidh jalhts bïllebe.

Påaske-bïevnese stööremes lea. Stuerebe goh ov-reaktoe jïh dåaroe, stuerebe goh såårkoe, stuerebe goh jaememe. «Aellede bïllh!»

Jïjnjh almetjh veartanisnie påaskide heevehtieh. Dej jielemh ovmessie leah. Læjhkan  laavlobe «Earoe Åajvan gie jaemedem hååjhteme.

«Aellede bïllh!» dïhte jeahta gïese maehtebe leahtadidh gosse ibie guarkah man gielhtie galkebe vaejviedidh jïh gosse ibie maehtieh aavoedidh. «Aellede bïllh!»

Maehtebe Jupmielasse leahtadidh gie mijjese hïegkem vadteme. Jaemiedistie jïh nåakevoeteste veaksahkåbpoe. Ïedtjem vadta guktie maehtebe jaehkedh, håhkesjidh, jieledh jïh iehtsedh.

Daam jaehkebe gosse aejlies maalestahkem byöpmedibie:

«Kristuse jeemi. Kristuse jaemiedistie tjuedtjeli. Kristuse bååstide båata.»

Earoe altasasse gieriesvoeten gielhtie gie veaksakåbpoe jaemiedistie.

Lahkoe påaskh!

Olav Fykse Tveit

Nidarosen domprovstetjïelten bæspa. Bæspatjåanghkoen åvtehke

Tilbake