Her finner du informasjon som kan være nyttig ved dødsfall og gravferd.
1. Hvem skal kontaktes ved dødsfall?
Legen er gjerne den som kommer først til stedet i forbindelse med dødsfallet. Legen skriver en erklæring som blir sendt til lensmannen.
Det er ingen ting i veien for at de pårørende tar hånd om de praktiske oppgavene selv. Kirkekontoret kan gi praktiske råd om dette. Begravelsesbyrået kan gi god hjelp i samband med dødsfallet, men det er ikke krav om at byrå skal brukes. Pårørende kan selv sende krav om gravlegging til kirkegårdsmyndigheten (kirkelig fellesråd).
Et begravelsesbyrå yter den hjelpen dere ber om. Det kan være å sørge for kiste, nedlegging, transport fra sykehus/sykehjem e.l., trykking av sangar, innrykk av dødsannonser i aviser etc.
Soknepresten blir kontaktet om det skal være kirkelig gravferd. Man kan også holde borgerlig gravferd. Gravferdsbyrå kan gi nærmere opplysninger om dette.
Med presten avtaler man/gravferdsbyrået dag og tid for gravferden. Presten avtaler en samtale med de pårørande. Presten har god tid til dere denne dagen, og vil gjerne lytte til det dere vil snakke om. På grunnlag av denne samtalen skriv presten minnetalen til gravferden. Samtalen blir som regel holdt i hjemmet til den avdøde eller hos de pårørande. Her kan man også drøfte de praktiske spørsmålene man har til gravferdsdagen.
Dødsannonse
De pårørande kan lage dødsannonse selv og ringe eller sende den inn til avisa, eller få hjelp av gravferdsbyrået. Dag og tid for gravferden må vere avklart med kirka før man setter inn annonse.
Gravplass
Før du vel gravplass, bør du finna ut om de allereie har gravplass som kan brukast. Vanleg fredingstid for grav er 20 år, nokre plassar er freda lengre av ulike grunnar. Er det behov for ny grav, vil kyrkjeverja vise kva for plasser ein kan velja i mellom. Alle innbyggarar i kommunen har rett på frigrav i 20 år. Fri grav gjeld berre for ny grav, om ein ynskjer å setje av (bygsle) grav attmed, må ein betale for denne frå fyrste dagen. Ei grav som fyrst er bygsla kan ikkje gjerast opp att til frigrav. Dette må avtalast med kyrkjeverja så snart som muleg. Kyrkjeverja kan også svare på andre spørsmål som gjeld gravferd, stell av graver og gravlegat.
2. Gravferda
Gravferdsdag og tid vert avtala med kyrkjeverje, prest og gravferdsbyrå. Dei vanlegaste dagane for gravferd er tysdag til fredag. Vanleg tid er 11, 12, 12.30 eller 13.
Ei gravferd varar ca. 1 time. Mange tykkjer det er godt å koma i god tid, sitje stille og roa seg ned i kyrkja før gravferda. Denne dagen bør ein ikkje leggje andre planar.
Alle nære pårørande har rett til fri frå arbeid til å delta i gravferd. Etter gravferdsseremonien i kyrkja, fører vi den døde til grava.
Kista vert bore frå kyrkja til gravstaden. Det er naudsynt med 6 personar til å bæra, dette kan vera både kvinner og menn. Vi brukar tau til senking.
Syning
Både vaksne og barn kan gjerne sjå den som er død. Syninga kan skje i heimen, på sjukehuset, i bårerommet sjuke-/aldersheimen, eller i kyrkja før gravferda. Avtal syning i god tid med institusjonen, heimesjukepleiaren, kyrkjetenar eller byrået.
Barn og gravferd
I dei fleste familiar som opplever sorg, vedkjem det og barn. Det er best for barna å være med og være nær foreldra sine, og ta del i sorga. Barn treng roleg og trygge vaksne nær seg. Barn og vaksne kan uttrykke sorg saman. Normalt bør barna få sjå den som er død, og være med i gravferda. Lat dei få uttrykke det dei føler gjennom spørsmål og kommentarar, handling (f.eks. leggje ein blome eller ei teikning på kista eller på grava).
Kremasjon
Spørsmål om kremasjon kan ein ta opp med kyrkjeverje eller byrå.
Salmar i gravferda
Vi syng tre salmar i kyrkja og to - tre salmevers på kyrkjegarden. Salmane kan ein trykke på eigne ark, eller ein kan bruke salmebøkene som er i kyrkja.
Organistane har laga ei liste med framlegg til salmar ved gravferd. Den finn du her. Kom gjerne med eigne ønskjer. Ta kontakt med organisten som skal ha gravferda.
Minnesamvær
Et minnesamvær kan vere ein god måte å ta vare på samhald i familien og grenda, og samtidig vise den døde ære. Det kan vera ope for alle eller berre for dei næraste.
Det er fint om ein ven eller ein i familien kan være vert. Minnesamvær er sjølvsagt ei frivillig sak. Prest eller klokkar kan hjelpa til og td. ha ei andakt på minnesamværet. Det kostar ingen ting.
Gravminne
Sjå kyrkjegardsvedtektene. Her står dei reglane som gjeld for gravminne (gravstein) og festeavgift. Du har ikkje plikt til å sette opp gravminne.
Prisane på gravminne varierer mykje, frå kr 5.000,- til 15.000,- etter storleik og dekorasjon. Gamle gravminne kan brukast opp att, etter oppussing. Ei slik løysing vert rimelegare enn ny stein og gjev eit svært godt resultat. Du har god tid til å bestemme deg etter gravferda. Kontakt gjerne kyrkjeverja for råd om val av gravstein.
Etter gravferda
Etter eit dødsfall kan du få mange slags kjensler som sorg, einsemd, bitterheit, kraftløyse, - men også lette om ein tung periode er over. Mange spørsmål av praktisk og åndeleg art kan dukke opp.
Sit ikkje aleine i sorga. Ta kontakt med andre, vener og familie kan brukast.
Det er og mogleg å ta kontakt med kyrkjekontoret om ein treng nokon. Interessefellesskap og arbeid kan hjelpe deg vidare, men unn deg sjølv kvile og ro til ettertanke.
Hjelp gjennom sorga
Har du mange spørsmål omkring dødsfallet, kan du godt ta kontakt med lege, heimesjukepleie, eller institusjonen der dødsfallet skjedde. Prest og diakon står og til teneste om du ønskjer å tala med dei. Naboar og vener kan vera til hjelp. Kanskje kan du bli med i ein sorggruppe der vi deler erfaringar om sorg. Ta kontakt.
Når ein av våre næraste dør
På hjemmesida til regjeringa er det ei side med praktiske opplysningar som etterlatte kan få bruk for når nokon i familien dør. Tema: Begravelse, skifte, arv, økonomi, forsikring, dødsfall i utlandet, sorgarbeid mm. https://www.regjeringen.no/no/tema/tro-og-livssyn/gravferd/id1222/